Gisle Midttun på kontoret på Norsk Folkemuseum i 1936. Foto: Ukjent / Norsk Folkemuseum
Gisle Midttun (født 1881 i Kvinnherad, død 1940 i Oslo) var kulturhistorikar, konservator og museumsleiar. Han var bror av filologen Olav Midttun og forstmannen Jørund Midttun. Han gifa seg i 1910 med Dagmar Ruth Jensen (f. 1890) frå Horten.
Vi finn han i folketeljinga 1900 som sløydlærar i Kristiania, busett i Holbergs gate 8.[1]
I 1910 byrja han å arbeide på Norsk Folkemuseum. I 1914 vart han konservator der, og i 1919 understyrar. Han reiste mykje rundt i landet og dreiv oppmålings- og innsamlingsarbeid. Midttun var ein av redaktørane for bokverket Norske bygder, og hans viktigaste vitskaplege verk er å finne der.
- ↑ Gisle Midttun i folketeljinga 1900 for Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet.