Axel Hjalmar Ender (14. september 1853–10. september 1920) var ein norsk målar og bilethoggar frå Asker.
Ender var frå 1867 til 1971 elev under Julius Middelthun på Tegneskolen i Kristiania. Seinare studerte han ved kunstakademia i Stockholm, 1872-74, og i München, 1875-80.
Målaren Ender hadde sans for nasjonalromantikken og laga ei rad måleri med idealiserte framstillingar av folkelivet i Noreg. Bilete som Kanefart på Mjøsa, Gjeter møter kjentfolk på vei over fjellet, Sledekjøring på isen, En fin skidag, Høyet lastes på, Besøk på seteren og Mor og barn i Setesdals-drakter er typiske for måleri-produksjonen hans. Frå kring 1900 fann ein verk av Ender att på mangt eit julekort.
Han laga elles altartavler til Åsnes kyrkje (1876), Haug kyrkje i Ringerike (1878), Kampen kyrkje, Østre Porsgrunn kyrkje (1890), Lunner kyrkje (1904), Molde domkyrkje, Holmen kyrkje i Sigdal og Sundby kyrkje i Morsø i Danmark.
Ender laga statuen av Tordenskjold (1891-1901) som står på Rådhusplassen i Oslo, hans kanskje viktigaste verk. Dette arbeidet fekk han overraskande utføre, etter at Anders Svor hadde vunne den utlyste konkurransen. Ender mottok St. Olavs Orden for arbeidet.
Han døydde i Kristiania.
[nn]