Olav Neste (fødd 7. januar 1888 på Neste i Vestre Slidre, død 8. september 1968) var fotograf på Fagernes.
Gift med Anna Kampen (1902–1979), to barn. Arbeidde først ved sporvegen i Kristiania, var så i lære hos Narve Skarpmoen 2–3 år, men hadde allereie teke sine første bilete rundt 1905. I 1915/16 opna han fotografverksemd på Fagernes; han heldt først til utandørs, men bygde snart atelier der han heldt til fram til 1930. Då bygde han og svogeren eit stort forretningsbygg i hop, og frå 1930 dreiv han firmaet under namnet Fagernes Fotoatelier. O. Neste. I 1950 overlet han forretninga til sonen Nils.
Han var ein av dei dyktigaste hardingfelespelarane i Valdres, og han var òg sterkt engasjert i kristeleg organisasjonsarbeid, mellom anna misjonen. Han var medlem av skolestyret og varamedlem i kommunestyret.