Frithjof Stoud Platou fullførte Horngården på Egertorget i Oslo etter Lars Backers død i 1930. Foto: Stig Rune Pedersen (2017)
Frithjof Stoud Platou (født 21. august 1903 på Hamar, død 12. august 1980 i Oslo) var utdanna ved den tekniske høgskolen i Zürich i 1926. Han vart deretter arkitektassistent hos Lars Backer, Oslo 1927-28 og fullførde etter Backers død mellom anna Horngården på Egertorget, eitt av funksjonalismens pionerverk i Norge. I 1930 oppretta han eige arkitektfirma i Oslo, med Sverre Olsen, som seinare vart Steinkjers fremste arkitekt, som medarbeidar i eitt år. Firmaet vart etter kvart eit av dei største arkitektkontora i landet.
I Molde teikna han Hotell Alexandra i Storgata 1, i 1950. Parkplanen omkring hotellet vart laga av Njål Bele i 1954. I Bodø har han tegna Fylkets Hus i Prinsens gate 100, i 1960.
I 1947 tegna han Skaidi skysstasjon og fjellstue på Finnmarksvidda saman med Ragnvald Mack, i 1962-64 Skogfoss kraftverk i Sør-Varanger, og han har også tegna Vadsø gymnas.
Blant hans arbeid utanom gjenreisingsbyane kan særleg nemnast to av Marienlystblokkane (Kirkeveien 112–114) i dåverande Aker (1934–1936) og Oslo trygdekontor i Tordenskiolds gate 12 i Oslo (1937) i åra før krigen, og etter krigen Kon-Tiki-museet (1950), Kommunenes Hus (1956-1957), Mogens Thorsens og Hustrus Stiftelse (1957-1958), Philipsbygget (1956–1958, revet 2000) og Rikstrygdeverket (1958-1960) i Oslo.