Johannes Sponland (født 27. april 1881 i Hemne, død 5. juni 1962 i Ålesund) var fotograf.
Han var son av Ole Sponland og Marit Sødahl. Gift i 1907 med Anne Karoline Aaland, datter av M. Aaland og Synnøve Øiestad; dei fekk tre søner og ei dotter.
Utlært hos onkelen, fotograf Lars Sødahl, Veblungsnes og hos hoffotograf Anderson, Kristiania. Vi finn han i folketeljinga 1900 som lærling hos Sødahl, og han var då også busett hos han. Var truleg også ein tid kompanjong hos onkelen, for det finst bilete signert «Sødahl & Sponland, Veblungsnes». Fleire studiereiser og tillitsverv. Han overtok i 1907 det atelieret i Ålesund som Eckroll Stamsvig hadde drive i åra 1902-07, åpna i 1929 også butikk med fotoartiklar. I 1919 gjekk han over fra glasplater til film-negativ. Sonen Olav overtok firmaet ved faren sin død i 1962, og la ned atelierverksemda.
Sponland var formann i Norges Fotografforbund 1937-47.