Rolf Schubarth Lunde (27. mai 1891–3. november 1928) var ein norsk målar og bilethoggar, fødd i Moss.
Lunde var son til ein maskinmeister som i 1900 budde og arbeidde i Stavanger. Sjølv gjekk han 1906-08 Kunst- og handverksskulen i Kristiania og var sidan elev 1921 hos Othon Friesz og 1921/22 hos bilethoggaren Antoine Bourdelle i Paris. Til sist elev ved Statens Kunstakademi 1922-23.
Etter ei studiereise i Tyskland, Storbritannia og Frankrike 1925-26 byrja Lunde å lage verk i ein grov og livaktig impresjonistisk stil. Han forma i 1927 ein statue av Ludvig Wiese og brønnskulpturane Slaven og Tårnpetter, alle tre står i Lillehammer. I Nasjonalgalleriet i Oslo finst eit portretthovudd av Einar Flagstad (1925) og Russerinnen (1926), dessutan ein replika av Tårnpetter.
Han døydde på Lillehammer.
[nn]