KODE Kunstmuseer og komponisthjem, eller berre KODE, er ei såkalla konsolidert museumseining som rår over tre komponistheimar, og fire kunstmuseum i og rundt Bergen. Målet med den såkalla konsolideringsprosessen var å organisere dei lokale musea i så store einingar at dei kunne ha tilstrekkeleg med faglege tilsette på dei viktige arbeidsområda. Dei musea som har gått inn i KODE er dei fremste av musea for biletkunst, formgjeving og musikk i dette distriktet.
KODE er tidlegare kjende under namna Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum og Bergen kunstmuseum, og held til i fire bygningar som i april 2013 fekk namna KODE 1, KODE 2, KODE 3 og KODE 4, som alle ligg så å seie på line i Bergen sentrum. Dei tre komponistheimane som høyrer inn under KODE er Edvard Grieg Museum Troldhaugen, Siljustøl Museum (heimen til Harald Sæverud) og Ole Bull Museum Lysøen (sommarvillaen til Ole Bull). Edvard Grieg Museum Troldhaugen ligg på Hop sør for Bergen sentrum, Siljustøl ligg i Fana, attmed vegen mellom sentrum og flyplassen. Ole Bulls sommarvilla/Museet Lysøen ligg på øya Lysøen, Lysøya i Lysefjorden, i Os kommune sør for Bergen.
Administrasjonen for KODE har kontor i bygningen KODE 4, Lysverket, rett attmed Lille Lungegårdsvannet i sentrum av Bergen.
Museet synar fram kunst frå renessansen til og med notida i dei tre bygningane langs vestsida av Lille Lungegårdsvannet i sentrum av Bergen, og dessutan kunstindustrisamlingar og ein stor samling av gamal kinesisk kunst i bygningen vest for Byparken i sentrum av Bergen, tidlegare kalla Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum. Dei fire bygningane har namna KODE 1, 2, 3 og 4. Frå januar 2007 vart desse museumseiningane mellom dei konsoliderte musea i stiftinga Kunstmuseene i Bergen.
I bygningen KODE 4, tidlegare kalla Lysverket, finst ein vidtfemnande basisutstilling, mellom anna den faste utstillinga av verk av Nikolai Astrup, og KunstLab, som er det fyrste og framleis einaste kunstmuseet i Noreg som er meint spesielt for born og ungdom. I andre og tredje etasje finst basisutstillingar og den heilt spesielle Tårnsalen, og i fjerde etasje biblioteket og dessutan administrasjonen til både Bergen Kunstmuseum og Kunstmuseene i Bergen. Bygningen KODE 3, tidlegare kalla Rasmus Meyers Samlinger, hyser eit utval av dei til saman 963 gjenstandane som høyrer til Rasmus Meyers Samlinger, som norske meisterverk frå perioden frå 1800-talet til 1915, mellom anna fleire av Edvard Munchs hovudverk, som Sjalusi, Kvinnen i tre stadier, Melankoli og Aften på Karl Johan, og dessutan verk av J.C. Dahl, Tidemand og Gude, Nikolai Astrup og Harriet Backer. Bygningen hyser dessutan bergensinteriør frå 1700-talet og eit vegg- og takdekorert rokokkorom, kalla Blumenthalrommet etter kunstmålaren Mathias Blumenthal (om lag 1719-1763), som utførte måleria i si tid i rommet som desse dekorasjonane er henta frå. Bygningen KODE 2, tidlegare kalla Stenersen, hyser dei temporære utstillingane til museet og ei eiga avdeling for samtidskunst, kalla Babel.
[nn]