Ingemar Presthus (fødd 22. september 1884 i Kvinnherad, død 1959) var fotograf på Ølve.
Han var son av Hans Ingemarsson Presthus (f. 1840)|]] (f. 1840) og Bothilda Andersdatter Presthus (f. 1851), og vaks opp på garden Presthus i Kvinnherad.
I folketeljinga 1910 var han arbeidar på jarnbaneanlegg.[1] Vi veit ikkje når han vart fotograf, men i ein emigrasjonsprotokoll frå 1930, då han reiste til USA, står han som ugift fotograf.[2] Det går òg fram av protokollen at han budde i Dickensen i Nord-Dakota, at han var amerikansk borgar og at han hadde vore i gamlelandet på besøk frå mai til august 1930.
- ↑ Ingemar Hanson Presthus i folketeljinga 1910 for Kvinnherar herred frå Digitalarkivet.
- ↑ Ingemar Presthus i Emigranter over Bergen 1874-1930 fra Digitalarkivet. (nn).