Martin Habostad (født 1874 i Sykkylven, død 1962) var lærar og amatørfotograf. Han flytte i 1900 til Kristiansand der han arbeidde som lærar. Han gifte seg med Elise f. Hansen frå Lillesand. Ho hadde tidlegare vore eleven hans.
Ved sida av å vere ein ivirig fotograf, måla og teikna han. Han innreidde eit atelier i hagen der han budde i Kristiansand. Han måla mykje sørlandsmotiv, men henta og motiv frå barndomsbygda Sykkylven.
Søster til Martin Habostad, Hanna Fredriksen, var dugande i saum. Ho sydde mellom anna messehakelen i den gamle sykkylvskyrkja i 1953 på grunnlag av ei teikning frå broren.
Martin Habostad er representert med fotografi i Bygda og folket i farne tider av Jon Hole, Sykkylven, 1988.