Johan Halvorsen Nerbøvik (fødd 27. juni 1859 på Aukra, død 2. februar 1924 på Volda) var fotograf frå 1898 til sin død.
Han var gift med Martha Johanne Larsdatter Vartdal (f. 1865). Lærte fotografering i USA og drev eiga forretning der i åtte år. Vende heim til Noreg i 1892 og reiste då rundt på bygda med utstyret på ryggen. Starta firma i Volda i 1898, der han bygde eit lite atelier. I 25 år var han fotograf i Volda. Drog til Ålesund etter brannen i 1904 og fotograferte byen mens det ennå var røyk frå brannruinane. Fotograferte i Molde under kroningsferda i 1906. I 1924 ble atelieret overteke av sonen Johan Magnus Nerbøvik.
Arkivet hans gjekk tapt i ein flom, men mykje av det eldste atelierinventaret oppbevarast av sonesonen Jostein Nerbøvik.
Jostein Nerbøvik gav i 2001 ut boka Løyndom og røyndom. To fotografar i Volda 1898-1979, ei bok om sin far og farfar sin verksemd som bygdefotografr i Voldasamfunnet. Boka inneheld om lag 500 bilete av far og son Nerbøvik og utgjer bind 3 i serien Volda-soga 1800-1945.