Adolph Prestegaard (fødd 19. oktober 1880 i Jondal, død 27. april 1956 i Nes på Romerike) var fotograf på Årnes, der han etablerte ein forretning i 1932.
Han var son av målar og snikkar Samson Tollefsen (f. 1843 i Jondal) og Anne Eliasdatter (f. 1850 i Kinn). I folketeljinga 1900 finn vi han på Fonnevik i Kinn, som no er ein del av Flora kommune. Han er oppført som fotograf, og budde i lag med foreldra.
Den 22. mars 1907 reiste han med «Hellig Olav» til USA, med Nord-Dakota som mål. Som årsak til reisa oppga han «se sig om».[1] Vi veit ikkje når han kom attende til Noreg - han er så langt ikkje funne i folketeljingane 1910 og 1920, men han døydde i Nes kommune i 1956.
- ↑ Adolf Edvard Samsons. Præstegaard i Emigranter over Kristiania 1871-1930, redigert utgave fra Digitalarkivet.