Eidsvoll verk, hovudbygningen frå 1958. Han vart fullførd i 1971. Foto: Leif-Harald Ruud (2023). Bernt Heiberg er gravlagt i familiegrav på Vestre gravlund i Oslo. Foto: Stig Rune Pedersen (2013) Stjerneblokkene ved Grorud stasjon i Oslo (1951-53), tegnet av Heiberg og Sandvik. Foto: Stig Rune Pedersen (2011)
Johan Bernt Krohg Heiberg (født 4. september 1909 i Oslo, død 29. september 2001 same stad) var ein arkitekt som virka i Oslo i perioden 1932-1980 (ca). Han var utdanna ved NTH i 1932. Han hadde arkitektpraksis hos Blakstad og Munthe-Kaas 1930-32, Bryn og Ellefsen 1932-36, Frithjof Stoud Platou 1936-40, og eigen praksis i Oslo sia 1940. Frå 1947 til 1968 var han i kompaniskap med Ola Mørk Sandvik. Heiberg var formann i Fortidsminneforeninga frå 1961 til 1971.
I Kristiansund tegna han ein einebolig for Gunnar Rolfsen i Langveien 51 i 1946, Herlofsengården i Storgata 11(?), ein forretningsgård, i 1947, og Nergata 12, på Nordlandet. Dette huset var bolighus og kontor for kjøpmann Hjelkrem. Det er kjend som Hjelkremgården, men gjekk også under namnet "Lille-Skaugum". Tegningane vart godkjende allereie i 1941, men huset, som er bygd i betong med fine detaljar i stein, vart først ferdig i 1946. I 2012 vart det ombygd til leiligheiter.
I lag med Sandvik teikna Heiberg i 1958 den nye hovudbygningen på Eidsvoll Verk. Tre år seinere teikna han, utan Sandvik sin medverknad, Fauske offentlige skole.