Carl Floor (fødd 18. august 1892 i Stavanger, død 13. februar 1978 same stad) var bokhandlar.
Brørne Carl og Otto Floor dreiv bokhandelen Johs. Floors bokhandel og papirhandel i Kirkegt. 14, Stavanger, etablert 1846. Dei to var også ivrige medlemmar av Stavanger Turistforening.
Johs. Floors bokhandel og papirhandel produserte mange postkort frå om lag 1905 og framover, dei aller fleste med typiske bymotiv frå Stavanger, men også mange frå strendene på Jæren. Postkorta vart selde i bokhandelen. Det er grunn til å tru at det var dei sjølv, helst Otto Floor, som fotograferte til postkortproduksjonen.