Helge Lyslo (fødd 15. mai 1936) var fotograf på Sandane i Gloppen kommune.
Han er son av fotograf Alfred Lyslo og Oddrun Skaaden. Utdanna i Oslo, svennebrev der 1964, overtok same år det firmaet som farfaren Helge Waldemarsen Lyslo hadde starta på Sandane i 1891, og som faren hadde drive frå 1938 til sin død i 1962. Dreiv det vidare med namnet Lyslo Foto. Han pensjonerte seg i 2008,[1] og sonen Arne Lyslo tok over.
Lyslo er óg spelemann, og var mellom anna ein av dei som lærte opp spelemannen Petter Eide.[2]
- ↑ Firda Tidend 2018.04.06. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Firda 2018.12.03. Digital versjon på Nettbiblioteket.