Torstein Lofthus (fødd 1886 i Øystese, død 20. november 1970) var fotograf i Øystese.
Han var son av lensmann Lars Johannesson Lofthus (1852-1926) og Elsebet Nilsdotter Skaar (1859-97), og vart gift i 1914 med Inger Kallestad. Dei fekk tre barn.
Etter læretid i Bergen starta han fotografforretning i Øystese i 1905, og var lenge bygdas einaste fotograf. Han reiste mykje rundt i heile Hardanger. Forutan å vere ein mykje nytta portrettfotograf var han òg interessert i å fotografere gamle gardstun, husmannsplassar og stølshus, og her gjorde han ein veldig nyttig innsats. Eit utval av hans glasplater finst på Historisk museum ved Universitetet i Bergen. Sonen Audun Lofthus har arkiv etter faren. Han var ein særs akta mann med tallause tillitsverv. Foretaket dreiv han til han var over 75 år, men heldt fram med å fotografera like til sin død.