Olaf August Hansen (fødd 24. august 1860 i Bergen, død 3. januar 1889) var fotograf.
Han var son av buntmakar Ole Martin Hansen og Bolette (Olette) Gurine Hermansen (f. 1830); og gift med Alette Marthine Hansen (1866-1889). Han hadde atelier i Smaastrandgd. 2 i Bergen. I Haugesund hadde han neppe atelier, men han fotograferte der under sildefisket i 1885.