Andreas Mørch (fødd 1902 i Sigdal, død 1992 same stad) var lærar og lokalhistorikar. Foreldra var lærar Albert Mørch og Else f. Flågan. Han var gift med Kristine Green.
Han tok eksamen frå Notodden lærarskule i 1923 og Noregs lærarhøgskule i 1925. Frå 1927 var han lærar i Sigdal.
Alt i 1932 gav han ut Frå gamle dagar. Folkeminne frå Sigdal og Eggedal. Han var medredaktør for ei bygdebok for Sande i Vestfold som vart utgitt i 1939 [1] Seinare skreiv han fleire bygdebøker for Sigdal og Eggedal og Krødsherad.
- ↑ Sandeboka, Drammen 1939. s. 4.