Jonas Jørstad (fødd 15. juni 1888 i Sjernarøy, død 2. februar 1972) var postopnar og bokhandlar i Time på Jæren. Han verke ei tid òg som fotograf der.
Han var son av Ommund Jørstad og Karoline Schmidt Jørstad, og vart i 1917 gift med Berte Monsdotter Hauge.
I 1910 var han postkassetømmer i Time. Han vart så postopnar, ein stilling han hadde til Time postopneri vart i 1919. Same året opna han bokhandel i lokalane til postopneriet.[1]
Minst eitt av hans bilete vart nytta til postkort frå Mittet & Co.. Motivet er Garborgheimen, og biletet er frå 1909. Han var i mange år aktiv i Time Mållag, som hadde tilsynet med Knudaheio og Garborgheimen. Fleire av bileta er nytta i bygdeboka Time : gard og ætt.
- ↑ «Time faar bokhandel» i Stavanger Aftenblad 1919-10-22. Digital versjon på Nettbiblioteket.