Per Steinar Løkken (fødd i Skjåk den 2. april 1949) er fotograf og innehavar av firmaet PS-Foto i Bismo i Skjåk. Han er fødd og oppvaksen på småbruket Husom i Nordberg, son av Johannes Løkken og Andrea f. Husom. Han er gift og har ei dotter.
Etter artium ved Gudbrandsdal gymnas, Vinstra og lærarskule på Elverum, arbeidde Løkken i 15 år som lærar. Han starta fotoverksemd i 1982, og tok fotooppdrag av alle slag. Ikkje minst er han kjend for landskapsfoto både frå Skjåk og andre stader, mellom anna frå fjellturar i Himalaya og Andesfjella. Han bygde eigen fotobutikk i Bismo 1983. I 1985 byrja han med helsekosthandel i tillegg til fotoverksemda.
Løkken bygde atelier, mørkerom og rameverkstad i 1990, og kjøpte minilab i 1992. Butikken vart nedlagt i desember 2008, men rameverkstaden er framleis i drift (2016).
Per Steinar Løkken er ivrig friluftsmann og ein forkjempar for naturvern. Han stod sentralt i motstanden mot utbygging av Øvre Ottavassdraget rundt årtusenskiftet.