Ellen Auensen (fødd 28. juni 1944) er ein norsk avisteiknar og illustratør.
Auensen vart fødd i Oslo. Etter examen artium frå Oslo katedralskole i 1963, tok ho utdanning ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo 1964–68. Frå 1969 til 1978 var ho politisk teiknar i Morgenbladet, der ho leverte karikaturar og kommenterte politiske hendingar, ofte med tekster av redaktør Knut Bøckman. Desse vart utgjevne i tre samlingar 1973–75. Ho har òg hatt teikningar i Morgenavisen, Adresseavisen, Sandefjords Blad, Fredriksstad Blad, Universitas og Farmand.
I 1978 flytta Ellen Auensen til Sverige der ho byrja som teiknar for svensk fjernsyn, ved sida av oppdrag for Bonniers forlag. Ho vart innklaga til Radionämnden blant anna for sina karikeringer av Olof Palme, ifølgje ho sjølv fordi Sverige var meir uvant med denne kunstforma.
Sidan 1990 har Auensen budd i Oslo, og illustrert bøker. Ho har teikna fleire norske frimerke: NK1339 og NK1340 (barneleiker, 1998) og NK1376 og NK1377 (julefrimerke, 1999). Verka hennar er innkjøpt av mellom anna Nasjonalgalleriet og Norsk Kulturråd.
[nn]