Peder Bårdsen Frøysnes (født 20. desember 1859 på Sandtveit i Hægeland, død 1. desember 1928) var omreisande fotograf. Bilete finst i Gamle Bergen Museum og på Setesdalsmuseet på Rysstad, sjå Knut Jonsson Heddis samling, truleg også andre stader.
Peder vart fødd på den vesle garden Vintermyran under Sandtveit i Hægeland (Vest-Agder), og foreldra Anne Katrine Ånonsdotter (f. Tjomsås, 1830–1891) og Bård Simonson (1824–1891) let guten døype 15. januar 1860. Han var den sjette av ein syskjenflokk på ni, fire brør og fem systre. Faren arbeidde som «lastehugger» og åtte den vesle garden. Han sette upp huset dei budde i, og dei hadde tre sauer. Ein gong mellom folketeljinga 1865 og 1869 vart bruket seld for 30 spd., og familien tok med hus og alt til Frøysneset. Der fortel folketeljinga 1875 at faren arbeidde som «fyrbøder ved dampskibet i Sætersdalen» ved sida av at han var husmann. I 1875 hadde Peder allereie reist heimanfrå.
6. juli 1893 vigde han med Gyro (skrive som Guro i folketeljingane), dotter til Torbjørg Olsdotter Helle (1842–1885) og Olav Bjørnson Uppstad (1834–1890) i Valle prestegjeld. Ho kom frå husmannsplassen Mo nede ved Otra i Hylestad (Setesdal). Peder er «fotografist, f.t. Kvæstad» i Valle. Frå Setesdal reiste dei over fjellet til Dalen, der han arbeidde som fotograf.
I folketeljinga 1900 bur han, Gyro og tri ungar på Tønsberg i Mo i Telemark, som no er ein del av Tokke kommune. Her budde familien frå 1898 til 1905. Ti år seinare er dei busett på Nystad i Mo, og kalla «Hyttebyen». Pe(r)der er «Husmand Veivogter» medan Guro tek seg av huset og driv kaffihandel. Seks ungar he dei fengje, yngstedottera Selma er berre 9 månader då teljinga fann stad.