Jon Jonson Ædna, òg kjend som Jon Jonsson Digranes (fødd 21. februar 1835 i Odda, død 24. juni 1918) var fotograf på Odda.
Han var son av Jon Jørgenson Digranes (1793-1874) og Marita Oddsdatter Eitrheim (1798-1857), og vart fødd på Digranes. I 1885 vart han gift med Anna Larsdotter Kvitno (1849-1911).
Han byrja i snikkarlære etter konfirmasjonen, og reiste seinare til Bergen for å gå i møbelsnikkarlære. Her lærte han også fotografering og kjøpte utstyr for å drive som fotograf. Leigde så hus på Apold og brukte ein naust-lem som atelier. Her dreiv han som portrettfotograf, og kvar søndag etter gudstenesta var han å finne på Almerket i Odda, der folk kunne bli fotografert. Fotograferte over heile Hardanger og i Røldal og Sunnhordland og driev med fotograferingen ved siden av å være gardbrukar på Ædna og møbelsnikkar, men fikk etter kvart større og større konkurranse og gav det tilslutt helt opp.
4-500 av hans plater er oppbevart i Bu Museum på Ringøy, og kopiar finst i Hardanger Historielag sin samling hos redaktør Kolltveit i Odda.