Eugen Nordahl Olsen sr. (fødd 14. desember 1894 i Kristiania, død 25. august 1956) var fotograf hos Norsk Aluminium Company i Høyanger. Han tok bland anna dei første flybileta av smelteanlegget og bygda hausten 1930.
Under krigen var han involvert i motstandsarbeid, og han vart mishandla av Gestapo.[1]
I 1945 utførte han eit ubehagelig oppdrag, då han fotograferte dei drepne tyske krigsfangane Herbert Neumann og Hermann Beckmann på Høyanger sjukehus. Dei to vart skotne av ingen ringare enn Johannes «Gulosten» Andersen medan han var i ubalanse etter at kona døydde.[2]
- ↑ «En bande gestapister på tiltalebenken i lagmannsretten i dag» i Bergens Arbeiderblad 1947-03-03. Digital versjon på Nettbiblioteket
- ↑ «Nåde for rett» i Ytre Sogn 2010-12-24. Digital versjon på Nettbiblioteket.