Ivar Dårflot (fødd 17. april 1910 i Oppstryn, død 1. juli 2014 i Førde) var fotograf i Stryn frå 1934 til 1965.
Han var son av gardbrukar Gulleik Samuelson Dårflot (f. 1878) og Ingeborg Monsdotter Dårflot (f. 1879), og vaks opp på garden Dårflot i Stryn.
Dårflot gjekk i lære hjå Helge Waldemarsen Lyslo i Sandane. Han var medlem av Norges Fotografforbund inntil Loen-raset i 1936.