Olav Næss (fødd 3. juni 1925 i Haugesund, død 27. mai 2004) virka som fotograf i Haugesund.
Han var son av målarmeister Jacob R. Næss og Josefine. Næss gifta seg i 1948 med Margrethe Jacobsen, dotter av Trygve og Carla Jacobsen. Dei hadde to døtre. Han vart utlært hos fotograf Erik W. Fischer i Göteborg. Handverksbrev 1954. Handelsbrev 1949. Næss starta eige firma 1947, Næss Foto i Haugesund, med seg sjølv som fagleg leiar og faren, Jacob R. Næss, som innehavar. Firmaet hadde adressa Haugeveien 56.