Johan Martin Strømme (født 1842 i Ørskog, død 1875) var fotograf på Sunnmøre i 1860-åra.
Han var son av klokkar, kyrkjesongar og lærar på Ørskog Lars O. Strømme (f. omkr. 1805 i Ørskog) og Siri Strømme (f. omkr. 1806 i Ørskog). I folketeljinga 1865 finn vi han med foreldra og ei yngre syster på garden Haugås i Ørskog.
Strømme fotograferte blant anna garden Nedre Sollied i Vaksvik i 1861. VSB har eit portrett datert 1865 og Universitetsbiblioteket i Bergen eit landskapsbilete frå Sylte i Valdalen, begge signert «J. Strømme».