Iver Pedersen Blaksæter (født 29. november 1872 i Innvik, død 1925) var fotograf. Han gjekk også under namnet Hasselberg etter garden han brukte.
Han var son av husmann Peder Jensen Blaksæter (f. 1820 i Innvik) og Kari Klausdotter Blaksæter (f. 1829 i Stryn), og blei gift med Brita Pedersdatter Teigen (1871-1946). Var i USA 1905–1906, men var fotograf både før han reiste og etter at han kom attende. Var ellers gardbrukar på Hasselberg i Innvik. Dottera Karolina Hasselberg var fotograf frå 1930-40. Lars R. Lunde i Hornindal har ca. 50-60 glassplater etter desse to, fotoutstyret skal vere overteke av ein fotograf i Olden.
I folketeljinga 1900 finn vi han med foreldra på plassen Nykvien i Innvik. Han er då oppført som ugift fotograf. I folketeljinga 1910 finn vi han på Hasselberg saman med kona og to born. Han er ført opp som fotograf og sjølveigande gardbrukar.