predasjon
Predasjon er når ein organisme (ein predator) et heile eller delar av ein annan organisme (eit byttedyr) som er i live inntil predatoren går til åtak.
Når eit rovdyr ikkje sjølv drep eit byttedyr, men et av eit dyr som allereie er daudt (eit åtsel), vert det ikkje rekna som predasjon.
Ekte predasjonSom oftast når ein snakkar om predasjon meiner ein at eit rovdyr jagar, drep og et eit byttedyr, som til dømes når ei løve tek ei antilope. Mindre opplagde døme på predasjon kan vera når ein kval et plankton, ein gnagar et frø, eller ei kjøtetande plante fortærer insekt.
I alle desse døma vert byttedyret ganske raskt teke livet av, predatorane drep mange byttedyr i laupet av livet, og dei et heile eller store delar av byttedyra. Predasjon av denne typen vert stundom kalla «ekte predasjon».
Dersom predatoren og byttedyret høyrer til same arten er det kannibalisme.
Beiting og parasittismeBeiting og parasittisme kan og reknast som predasjon, sjølv om dette er mindre vanleg i daglegtalen. I motsetnad til rovdyr, vil beitedyr og parasittar som oftast ikkje drepa byttet sitt, i alle fall ikkje med det same. Desse går difor ikkje under nemninga «ekte predasjon». Over tid kan beiting og parasittisme likevel svekka planta eller verten så mykje at dei døyr.
Les meir i Store norske leksikon- parasittisme
- overskuddsdreping
- konsument – organisme