Trond Botnen (fødd 30. november 1937) er ein norsk grafikar, målar og bilethoggar frå Porsgrunn. Han er utdanna ved Kunsthaandværkskolen i København og ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole. Arbeida hans er innkjøpte blant anna av Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og Museet for Samtidskunst. Botnen har ei rekkje ustillingar bak seg og i tillegg til separatutstillingar har han deltatt på Statens Haustutstilling heile ti gonger.
I løpet av dei femti åra han har verka som kunstnar har Botnen skifta kunstnarisk stil fleire gonger. Dei seinare måleria hans er abstrakte komposisjonar der han legg lag på lag av akrylmåling. Inspirert av Gustav Klimt påfører han måleria transparente, nesten usynlege lag med gull, sølv eller bronse.
Han har også gitt ut to diktsamlingar.
Trond Botnen er busett i Drøbak.
[nn]