Edvard Grieg Museum Troldhaugen på Hop i Bergen er eit museum vigd komponisten Edvard Grieg og heimen hans. Det inngår i KODE Kunstmuseene i Bergen.
Troldhaugen ligg om lag sju kilometer sør for Bergen sentrum, og femner om Edvard Grieg og kona Nina sin villa Troldhaugen frå 1885, gravstaden deira, Komponisthytten som Grieg brukte til å komponera i, kammermusikksalen Troldsalen frå 1985, og eit museumsbygg frå 1995. Museet har sidan 1997 òg administrert Siljustøl Museum (heimen til komponisten Harald Sæverud). Frå 2007 vart Troldhaugen konsolidert med Museet Lysøen, Vestlandske Kunstindustrimuseum og Bergen kunstmuseum under namnet Kunstmuseene i Bergen, som seinare har fått namnet KODE.
Museet driv ei omfattande konsertverksemd, med daglege konsertar i juni, juli og august og dessutan matinéekonsertar kvar sundag i september. Festspillene i Bergen arrangerer konsertar i Troldsalen og i sjølve villaen i festspeltida.
[nn]