Mathias Blumenthal (1719–1763) var ein kunstmålar og handverkar av tysk-dansk ætt, som saman med kunstnarane Henrich Christian Hosenfelder og Eric Gustaf Tunmarc vert rekna som dei sentrale rokokkomålarane i Noreg. Kvar og når Mathias Blumenthal vart fødd, og kven foreldra var, har vore uklårt. Men ein reknar no med at faren var rittmeister Mathias Blumenthal, òg kalla Matis Blomdal, som kom frå Riga til Gentofte i Danmark, og at Mathias vart fødd der i 1718 eller 1719, og den yngre broren hans, Carl Gustav, i 1721 .
Medan Hosenfelder og Tunmarc hadde sitt virke på Austlandet, vart det i Bergen i dei siste fjorten åra av livet sitt at Mathias Blumenthal sette dei viktigaste spora etter seg i den norske kunstsoga. Her utfolda han seg som det han sjølv kalla «Historie- og Portraitskildrer», og tok på seg oppdrag som portrettmålar, dekorasjonsmålar og handverkar, med god nytte av sin rike kunnskap om klassisk mytologi og samtidas bruk av symbol, allegoriar og litterære tankemåtar i målarkunsten. Verksemda hans i Bergen var særs vidtfemnande og gjorde at han vart verdsett og hugsa. Men mykje av måleria, både portrett og dekorasjonar av rom i rikmannshus, og særleg det han gjorde i kyrkjene, er gått tapt på grunn av anten brann eller på grunn av at restaureringsarbeid på 1800-talet ikkje tok turvande omsyn til verka. Av det som er teke vare på, er dei komplette romdekorasjonsmåleria frå bustadhuset til den pengesterke og kredittverdige generalkonsulen og forretningsmannen Fasmer særs viktige; desse måleria vart ein part av kunstsamlaren Rasmus Meyers samlingar og i si tid montert i det såkalla Blumenthalrommet i den bygningen som hyser og vart kalla Rasmus Meyers Samlinger, no ein part av Bergen kunstmuseum attmed Lille Lungegårdsvannet i sentrum av Bergen.
[nn]