Bønsnes kyrkje er ei langkyrkje på Røysehalvøya i Hole kommune i Buskerud fylke. Ulike kjelder daterer kyrkja til 1100- eller 1200-talet. Kyrkja forfall og kom ut av bruk på 1500- eller 1600-talet, men frå 1680-åra vart ho satt i stand, og ho vart teken i bruk att i 1728. Dagens vesttårn av tre er truleg frå 1862.
Orgelet er gamalt og har vorte bygd om fleire gonger. Det vart restaurert av folk frå Brødrene Torkildsen i 2009–10.
Det er ikkje kyrkjegard på Bønsnes.
[nn]