Niels Hertzberg (13. august 1759–21. oktober 1841) var ein norsk teolog. Størstedelen av prestegjerninga si utførte han i det som i dag er Ullensvang herad i Hardanger i Hordaland.
Hertzberg var presteson, fødd på Finnås, som i dag ligg i Bømlo kommune. I 1776 byrja Hertzberg på Bergens Katedralskole, og i 1778 på Universitetet i København. Han avla teologisk embetseksamen i 1783, og fekk tittelen Cand.theol. I 1786 vart han sokneprest i Kvinnherad, og i 1803 tok han stillinga i Kinsarvik (i dag Ullensvang). Her skulle han verta verande til han døydde.
Frå 1810 til 1832 hadde Hertzbertg stillinga som prost i Hardanger og Voss. Han representerte Søndre Bergenhus amt på Stortinget i 1814, der han inntok ei stri haldning mot Sverige. Hertzberg var elles opplysningsprest, særleg interessert i naturvitskap, jordbruk, landmåling og han var ein framifrå pedagog. Den 18. august 1812 vart Hertzberg saman med botanikaren Christen Smith og J. Fr. Schouw dei fyrste til å klatra opp på Hårteigen. I 1815 grunnla han eit eige bibelselskap i Ullensvang, som etter 20 år hadde delt ut 600 - 700 biblar og nytestamente. Forkynninga hans var ortodoks.
I 1806 vart Hertzberg medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim for den vitskaplege innsatsen sin . I 1811 fekk han Ridderkorset av Dannebrogordenen. Niels Hertzberg var ein av mange som gjekk til åtak på Johan Sebastian Welhaven sitt dikt «Norges Dæmring». Welhaven svara på åtaket med å skriva diktet «Til Provst Nils Hertzberg».
Hertzberg vart far til statsråden Nils Hertzberg.
[nn]