Rasmus Andersen Liset (fødd 1870 i Bremanger, død 4. mars 1933) var fotograf, lærar og gardbrukar.
Faren var frå Heggestad i Olden i Nordfjord.
Han var ei tid gardbrukar på Liset i Bremanger, der han var gift med ei enke, men flytta attende til Heggestad. I 1900 finn vi han på Liset, på besøk frå Amerika. Det står ikkje kvar i USA han budde. Han er oppført som privat språklærar og fotograf, og han var amerikansk statsborgar. I 1901 reiste han til Amerika att, og oppgav då Minnesota som bustad og lærar som yrke. I 1911 finn vi han òg i emigrantlistene, og då budde han i Nord-Dakota og var farmar.
Liset skal ha «fotografert alle dei gamle kallane i Olden i 1910. Bileter heng i Olden kyrkje».