Louis Isadore Kahn (fødd 20. februarjul./ 5. mars 1901greg. som Itze-Leib Schmuilowsky, d. 17. mars 1974 ) var ein amerikansk arkitekt med estisk og jødisk opphav.
Familien til Kahn emigrerte til USA i 1905. Han tok utdanninga si ved University of Pennsylvania. Frå 1920 til 1930 arbeidde Kahn som teiknar og var deretter sjefsdesignar ved fleire arkitektkontor i Philadelphia. Fram til 1948 samarbeidde han med ei rekkje arkitektar, og deretter verka han i eige namn.
Kahn er nært tilknytt modernismen, men verka hans skil seg ut frå det meste av annan arkitektur i samtida hans gjennom den klassiske monumentaliteten og den platonske geometrien. Gjennom å kombinere dei moderne konstruksjonane i samtida si, i framfor alt teglstein og betong, med klassisk geometri, fekk byggverka til Kahn både eit samla inntrykk med det massive murverket, men samtidig også eit lett inntrykk.
I 2004 kom det ein dokumentar om Louis Kahn, My Architect – A Son’s Journey, som var laga av sonen Nathaniel Kahn.
[nn]