Hospitalskyrkja også kjent som Hospitalskirken er ei kyrkje i Trondheim. Kyrkja har alltid høyrt til Trondhjems Hospital. Den vart oppført i 1705 og erstatta ei mellomalderkyrke på same stad. Den er den første av dei omkring 60 oktogonale kyrkjene i Noreg (dei fleste i tømmer som Hospitalskyrkja). Bygget er teikna av Johan Christopher Hempel som mellom anna òg stod for Bakke kyrkje på Møllenberg.
Hospitalskyrkja var truleg modell for Norddal kyrkje på Sunnmøre etter at byggmeisteren for Norddal kyrkje i «nærleiken» av Trondheim fann ei kyrkje han likte.