Geir Morten Brungot (fødd 1962 i Fosnavåg) er ein fotokunstnar med base i Sykkylven. Han hadde frå unge år fotografering som hobby og kom tidleg med i miljøet rundt Sykkylven Kamera klubb som han skipa samman med Arild Solberg. Han viste raskt vilje til å gå sine eigne vegar. Der andre tok bilete av naturidyllar fanga han heller opp spor som menneska hadde sett i naturen. Avgjerande for den kunstnarlege utviklinga til Brungot vart møtet med kunstfotografen Lewis Baltz. Dei to møttest under ein workshop i Lofoten i 1985, der Lewis Baltz var rettleiar. Baltz kom til å opne opp for ein ny måte å forhalde seg til fotografiet på.
Kunstformidlaren Olav Løkke omtala i ein artikkel i Årbok for Sykkylven (2000) verknadene av møtet med Baltz slik: "Geir Brungot fulgte Lewiz Baltz tett i den knappe uken workshopen varte, og de to fikk et svært godt forhold. Man kan se at bildene herfra er sterkt påvirket av Baltz, men allerede her kan man se noe av det som senere ble Geir Brungots varemerke, den lille detaljen i bildet som forrykker balansen. Og der Baltz er kjølig registrerende, er Brungots bilder mer naive, mer nysgjerrige og mer personlig engasjert. Disse bildene fra Lofoten ble senere supplert med bilder fra Brungots nærdistrikt, og satt sammen til en utstilling med tittelen "Manscape". Denne utstillinga ble vist flere steder i Norge, blant annet i Preus Fotomuseum i Horten. I 1995 ble bilder fra "Manscape" satt sammen med samtidige bilder av Lewis Baltz fra hans utstilling "Continous Fire Polar Circle", og ble vist flere steder, blant annet i Fotogalleriet i Oslo, noe som resulterte i innkjøp til Museet for Samtidskunst av to av Brungots fotografier."
I åra etter "Manscape" arbeidde Brungot med mange nye prosjekt. Prosjekta hadde fleire namn, nokre vart enkeltbilete, nokre vart seriar som ikkje blei viste, andre danna grunnlaget for seinare utstillingar.
Kort tid etter at bileta til "Manscape" var ferdige, døydde dottera hans av hjartefeil, og bileta fekk no ein annan klang. Mange av bileta inneheldt religiøse symbol, også symbol for døden, direkte vist med "Anna og Barnet". Dette er tema som har følgt Brungot heilt til det siste, men etter kvart har døden fått eit meir forsonleg skjer, som ein møtestad der alle sine liv skal summerast opp.
Geir Morten Brungot er i kontinuerleg utvikling som fotokunstnar, men det er likevel råd å finne ein raud tråd i arbeida hans; viljen til å utforske spora som menneska har sett i naturen. Han er ingen estetikar som først og fremst søkjer dei vakre motiva, han søkjer helst etter motiv der andre styrer unna, på avfallsplassar, tome campingplassar, i vegkryss og i kalde byggfasadar. Gjennom nye vinklingar på kvardagslege motiv fortel han historier om bruk- og kastsamfunnet og om menneskeleg isolasjon. Men han finn også glede i å vise fram uventa harmoniar og former. Han fangar inn den mjuke krumminga i eit betongrør, himmelen i ein glasvegg og menneskelivet i ein utgått skosåle. Han gjev oss spegelbilete av oss sjølve som appelerer til ettertanken og kanskje kan skape grunnlag for handling.
Geir Morten Brungot operer med fleire forskjellige format, i tillegg til tradisjonelle fotografiutstillingar har han også produsert installasjonar og videoar. Saman med sin ektefelle frå 2007, dansaren Zdenka Brungot Svíteková, har han også eksperimentert med ulike performanceaktivitetar.
Sidan 1992 har Geir Morten Brungot hatt verkstad i Elvetunbygget på Vik i Sykkylven. Her har han hatt eit fellesskap med metallkunstnaren Kjell Gunnar Overøye og tekstilkunstnaren Marit Akslen. Saman med Zdenka Svíteková utgjer dei kunstnarkollektivet Kompressor som dei siste åra har hatt fleire utstillingar og arrangement i Galleri Elvetun.