Achille Émile Othon Friesz (6. februar 1879–10. januar 1949) var ein fransk postimpresjonistisk målar og formgjevar.
Friesz var fødd i Le Havre, der han kom frå ei lang rad av skipperar og skipsbyggjarar. I skuletida møtte han Raoul Dufy, saman studerte det to i 1895-96 på ein kunstskule i Le Havre. Seinare flytta dei til Paris der dei vart kjende med Henri Matisse, Albert Marquet og Georges Rouault. Ei tid måla han som fauvistane, og stilte ut med dei i 1907. Året etter reiste han tilbake til Normandie der han skaffa seg eit eige atelier og tok mot elevar. Ved krigsutbrotet i 1914 verva han seg og deltok gjennom heile verdskrigen. Etter krigen busette han seg i Paris og budde der til han døydde i 1949. Han slutta å nytte dei bjarte fargene til fauvistane, vende i staden tilbake til ein meir tradisjonell og sober palett.
[nn]