Torgrim Bru (fødd 20. september 1893 i Våler i Solør, død 1969) var snikkar og handverkslærar. Han var òg amatørfotograf, og er representert i Glomdalsmuseet si fotosamling.
Han var son av folkeskulelærar og gardbrukar Hans H. Bru (f. 1850) og Randine Bru (f. 1866). Familien flytta før 1900 til Nedre Siljuberget i Elverum kommune, der han i folketeljinga 1910 vart oppført saman med foreldra og fem søsken. Han var då snikkarlærling.[1]
1920–1921 var han handverkslærar på Haga jordbruksskole på Mysen. I 1924 vart han sløydlærar på den nyopna Østfold folkehøgskole.[2]
Bru flytta seinare attende til Elverum, og då han fylte 70 i 1963 budde han der saman med søstera Reidun Bru (f. 1901). Det vert då nemnd at han òg var ein dyktig treskjerar.[3]
- ↑ Torgrim Bru i folketelling 1910 for Elverum herred fra Digitalarkivet.
- ↑ «Ny arbeidsskole» i Rakkestad Avis 1924-11-11. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ «70 år» i Østlendingen 1963-09-20. Digital versjon på Nettbiblioteket.