John William Edy (ca. 1760–ca.1820) var ein engelsk kunstmålar og teiknar.
Han arbeidde for forleggjaren John Boydell i London, ofte anonymt. Sumaren 1800 var Edy i Noreg på oppdrag for Boydell saman med landskapsmålaren William Fearnside. Dei var i Noreg frå 31. juli og til slutten av september same år.
Edy utførte fleire teikningar på reisa, blant anna frå Ny-Hellesund som var plassen reisekameratane kom til fyrst. Han er også kjend for teikningane sine frå Oslo og Moss. I Moss måla han hovudbygninga på Moss Jernverk, Konvensjonsgården; måleriet heiter «Höyvelbårne B. Ankers Huus i Moss». Eit handkolorert koparstikk i fargar finst på Stortinget.
Boydells Picturesque Scenerey of Norway kom ut i London i 1820. Historikaren Ole Andreas Øverland gav ut ei norsk utgåve kalla Det gamle Norge i billeder og tekst i 1910. Boka hadde undertittelen Planer til en «malerisk reise gjennom Norge» J. W. Edys tegninger fra aar 1800 og inneheld to plansjar i fargar og dei øvrige er i svart-kvitt.
[nn]