Tønnes Andreas Jonassen Dahl (fødd 19. juli 1884 i Sirdal, død 1970) var fotograf i Sirdal.
Han var son av Jonas Ivarson Øksendal og Karen Tonetta Tønnesdatter Øksendal.
Tønnes Dahl eller T. Dahl som han gjerne skreiv seg var ugift. Han hadde vore nokre år i Amerika, og det var der han gjekk over til å kalle seg Dahl. Dahl hadde lært seg å fotografere. Han har lete etter seg eit stort arkiv av gamle bilete frå 1920-åra og framover. Det var nok ikkje så mykje han tente på sin fotografering. Ikkje sjeldan når han gjekk rundt med fotografiapparatet sitt, kunne han seie til barn eller vaksne han møtte: «Kom så skal eg fotografere dokker». Mange av bileta er difor tekne utandørs. De er jamnt over av særs god kvalitet, og bileta representerer eit stort gode for Sirdal, og kanskje særleg for Øksendal-grenda.