Andreas Berge (fødd 2. mars 1886, død 19. juni 1960) var fotograf i Herøy i Møre og Romsdal.
Han var son av Andreas Johannesson Berge (1847-1928) og Nikoline Jensdotter Flusund (1846-1927). Han vart i 1922 gift med Mathilde Annaniasdotter Rovde (1887-1971).
Berge var i fotograflære hjå Margit Siem i Straumen, Herøy og hjå Isak Isaksen Hellebust på Nordfjordeid. Starta eigen fotografforretning på heimstaden i 1905 og reiste mykje rundt og fotograferte. Han var aktiv fram til 1950. Det første mørkerommet var ein gamal potetkjellar, og skikkelig atelier fekk han ikkje før i 1908. Det finst ei samling negativ etter ham på private hender, men det vart arbeida for å få samlinga til Herøy Sogelag.
Barnebarnet Magnar Hjertenæs, som er førstelektor ved Høgskulen i Volda, har over fleire år digitalisert og registrert om lag 9000 bilete etter Andreas Berge. Om lag 200 av dei er med i boka Horisonten til vegger og himmelen til tak : fotograf A. Berge frå Herøy (1886–1960), som han gav ut i 2017.