Lo kyrkje er ei trekyrkje som opphavleg blei bygd ved Lo inst i Lofjorden i Åsen i dagens Levanger kommune i Nord-Trøndelag. Kyrkja vart riven i 1856 og flytta til Saltøy i 1859. Der vart ho brukt som sjøhus inntil ho vart kjøpt av stiftarane av Trøndelag Folkemuseum ved Kristian Moen med fleire i Trondheim i 1909] Kyrkja vart bygd opp att på området til Folkemuseet i 1921 og ført attende til opphavleg tilstand. Trøndelag Folkemuseum ligger på Sverresborg i Trondheim.
[nn]