Ola Stavseng (fødd 31. oktober 1949 i Stordal på Sunnmøre) er ein norsk bilethoggar. Han arbeider i eit klassisk figurativt formspråk, i tradisjonelle material som leire, gips, tre, terracotta, bronse, granitt og marmor. I yrket som biletkunstnar er han plassert både i tradisjonen av internasjonal europeisk - og norsk kunst.
Stavseng har statuar ståande i mellom anna Stordal, Ålesund, Sykkylven, Hareid, Fosnavåg, Brattvåg, Rauma, Sunndalsøra.
Han utfører utsmykkingsoppdrag, minnesmerke, portrett og frie arbeid, utført av rundskulptur eller relieff. Frå 1970 har arbeida hans vorte presenterte i utstillingar i inn- og utland og innkjøpt til ulike private og offentlege kunstsamlingar i Noreg og andre land. Sidan 1974 har han også i periodar gjeve undervisning innan kunstfag som skulptur og teikning på ulike nivå; kunsthøgskule, kunstfagskule og ungdomsskule.
Han er son av Ole Gustav Stavseng.
[nn]