Årdal Church (Norwegian: Årdal kyrkje) is a parish church of the Church of Norway in Årdal Municipality in Vestland county, Norway. It is located in the village of Årdalstangen, at the end of the Årdalsfjorden. It is the church for the Nedre Årdal parish which is part of the Sogn prosti (deanery) in the Diocese of Bjørgvin. The red, wooden church was built in a long church design in 1867 using plans drawn up by the architect Christian Christie. The church seats about 400 people.
Årdal kyrkje, Nedre Årdal (Kirke) [no]
Other languages: Årdal kyrkje, Nedre Årdal (norwegian bokmål)
Årdal kyrkje, som stod ferdig i 1867, er ei långkyrkje i tre, opphavleg prefabrikkert i Christiania og oppført i panelt bindingsverk etter Chr. Christies teikningar. Fredrik Gaden var byggmeister. Kyrkja har basilikaform med opphøgd midtrom og er prega av nygotiske former og inspirasjon frå stavkyrkjene.
Kyrkjerommet er treskipa med smalare kor med omgang rundt. Taket over midtskipet er høgare enn over sideskipa. Fargevalet, som vart gjort av Ove Quale i 1967, er hovudsakeleg i gråtonar og svarar til dei eldste fargelaga i interiøret.
Altertavla er skoren og måla av Dagfinn Werenskiold i 1934-35. Midtmotivet er ein kalvariegruppe: Krossfestinga med Maria og Johannes ved foten av krossen Dei seks felta på fløyene av altertavla viser Jesu lidingshistorie: Bønna i Getsemane, Judaskysset og pågripinga, Jesus for Pilatus, krossvandringa til Golgata, Jesu gravlegging og Oppstandinga. Også alterfronten i tre er laga av Werenskiold, og den viser Jesus som barn i ein strålekrans, omgjeven av kvite liljer i sirkelfelt. Kjelder: NIKUs kirkeregister Rasmussen, Alf Henry: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, Kirkenær 1993