Nils Holter. Foto: Hentet fra
Studentene fra 1918 (1968)
Nils Holter (født 22. mars 1899 i Hamar, død 30. august 1995 i Oslo) var ein arkitekt som virka i Oslo i perioden frå 1923 til omkring 1981.
Han var son av overlærer Peder Holter (1868–1939) og Nicoline Thronsen (f. 1868) og vart gift i 1926 med Elsa Greiff (1903-1986).
Holter tok examen artium i 1918 og studerte etter det ved NTH, hvor han vart utdanna arkitekt i 1922. Han arbeidde som assistent hos professor Sverre Pedersen 1923-26, (mellom anna på vinnarprosjektet til Universitetsutbygginga 1925, "Blindernaksen"), var deretter tilsett i Oslo reguleringsvesen 1926-36, før han i 1936 oppretta privat praksis i Oslo, frå 1969 i kompaniskap med arkitekt Jan Bauck.
Holter var BSR- medarbeidar under krigen, i starten som personleg rådgjevar for Sverre Pedersen med ansvar for Austlandet – seinare medlem i rådet for Brente Steders Regulering. Han var Pedersens medarbeider på reguleringsplanen for Elverum i 1940. I 1949 vann han 1.premie i tevling om Namsos tinghus, men tinghuset vart aldri realisert
Hans mest kjende arbeid er Kringkastingshuset, 1938-1945 og Fjernsynshuset, 1969, på Marienlyst i Oslo, samt utvidinga av Stortinget 1949-59. Han tegna også Telegrafverkets administrasjonsbygning i Universitetsgata 2, 1962. Blant hans andre arbeid kan nemnast Bergen Posthus 1950, Hamarstua restaurant og utescene, på Domkirkeodden i Hamar frå 1959. I Tromsø har han tegna Kringkastingshuset i 1948 og telegrafbygget i Kirkeparken i 1957.
Nils Holter var ridder av St. Olavs Orden.