Carl Fredrik Diriks (26. mars 1814–3. mars 1885) ofte kjent under signaturen C. F. Diriks eller kallenamnet Fyrdiriks, var ein norsk teiknar, illustratør og fyrdirektør frå Larvik.
Carl Frederik Diriks var utdanna marineoffiser og arbeidet særleg med fyr- og merkjevesenet i Noreg. Han var direktør i Fyrdirektoratet i perioden frå 1855 til 1882. Han hadde inga kunstutdanning, men utgav enkle penneteikningar og akvarellar av kvardagsliv og stader langs norskekysten.
Carl Frederik Diriks var son av eidsvollsmann, seinare statsråd Christian Adolph Diriks (1775-1837), og i slekt med målaren Karl Edvard Diriks (1855-1930). Familien Diriks høyrde til den politiske og kulturelle eliten i Christiania på 1800-talet.
I 1865 bestemte Diriks seg for, saman med forlagsbokhandel P.F. Steensballe å gi ut nokre av penneteikningane sine. Desse vart utgitt som rene teikneseriar utan tekstblad, noko som var svært uvanleg. Den første utgåva av Skisser af Reiselivet i Norge inneheld seks teikningar og var trykt opp i rimelege kontratrykk-utføringar. Det vart heller ikkje opplyst om kven som var teiknar eller kven som var utgivar
Teikningane vart ein suksess, og med ei blanding av humor og hjartevarme vart Diriks sine teikningar klassikarar i Noreg. Steensballe og Diriks fortsette samarbeidet fram til 1882, då det siste heftet av «Allehaande» vart gitt ut. Då hadde Steensballe gitt ut meir enn 100 av Diriks sine penneteikningar. I 1945, 80 år etter førsteutgåva av «Skisser af Reiselivet i Norge» og 50 år etter at teiknaren døydde, vart 26 av teikningane utgitt på nytt.
[nn]