Konnerud gamle kyrkje er ei langkyrkje frå 1858 i Drammen kommune i Buskerud fylke. Ho avløyste ei kyrkje frå 1760 som vart oppført nokre tiår etter at det vart starta gruvedrift i området.
Då folketalet auka på 1970- og 1980-talet, vart kyrkja for lita, og ny kyrkje vart oppført eit stykke unna den gamle. Gamlekyrkja vert mest nytta ved spesielle høve, men kyrkjegarden er framleis i bruk. Gravkapellet er frå 1924, men vert ikkje nytta som gravkapell i dag.
[nn]