konsument – organisme
Ein konsument er i økologien ein organisme som et andre levande organismar.
Ein definerer konsumentar som organismar som et levande føde, eller føde som veldig nyleg var levande, for å skilja dei frå nedbrytarar som lever av daudt organisk materiale.
TyparMe deler gjerne desse i primærkonsumentar og sekundærkonsumentar, der primærkonsumentar er planteetarar medan sekundærkonsumentar er kjøtetarar.
Primær- og sekundær- viser her til posisjonen ein finn desse på i næringskjeda. I ei næringskjede står produsentane (oftast planter) nedst. På neste trinn står primærkonsumentane som et produsentane. Deretter kjem sekundærkonsumentane som et primærkonsumentane. Dyr som et både planter og andre dyr kan såleis opptre som primærkonsument i ei næringskjede og sekundærkonsument i ei anna samtidig.
Les mer i Store norske leksikon- næringskjede
- økologi
- heterotrofe organismer