Helge Waldemarsen Lyslo (født 2. februar 1868 i Innvik, død 18. mars 1952 i Sandane) var fotograf i Innvik og på Sandane.
Han var son av gardbrukar Waldemar Antonsen og Brita Helgesdatter. Gift l) i 1893 med Kathrine Antonsdotter Egge (d. 1908), ein son og tre døtrer. Gift 2) med Rakel Andersdotter. Bolseth, fire søner og ei dotter. Læretid i Bergen 1887-88, praksis i Innvik et par år, eiga forretning i Sandane frå 1891. I 1938 ble forretninga overtatt av sonen Alfred Lyslo, som så vart fulgt av sonen Helge Lyslo. Han dreiv firmaet vidare som Lyslo Foto.
H.W. Lyslo var spelemann, spela også orgel, og stifta Sandane Hornmusikk i 1893. Hadde mange offentlige tillitsverv.